CD-produksjon

Kvarts gjev ut platene sine på eige selskap. Sidan 2003 har vi også gjeve ut andre folkemusikkproduksjonar på dette selskapet.
Enkeltmelodiar kan lastast ned via netthandelen musikkonline.no eller iTunes.






B-dur vals 2.46
Trollhalling 2.02
Marsj etter Erling Kjøk 3.35
Stigapolketten 2.40
Masurka etter Jon Stulen 2.13
Statt upp nå! 2.06
Farnesbruri 3.57
Vals etter Sjur Helgeland 2.01
Reinlendar etter Per Straup 2.42
Fangen og ein springleiksklubb 2.53
Garvaren 2.37
Kule 5.57
Fant-Karl vals 2.24
Lær meg å kjenne dine veie 3.47
Hyljarliv 2.45
Gammel-sætrin 2.26
Leirdøln 2.51
Musikk til Berg og Stjerne 4.00
KVARTS (1999)
Kvarts er tidlaust materiale, slitesterkt og vakkert. Det er gjennomsiktig i rein form, men blanda med andre materiale får kvarts nye valørar. Med folkemusikk er det på same måten — det tidlause og glitrande reine kan fargeleggjast på tallause måtar. Dette gjer folkemusikken spennande og variert.

Våren 1999 gav kvartetten ut debutplata KVARTS, ein produksjon som i tillegg til gode kritikkar, fekk Spellmannprisen for 1999.
Katalognummer: KVARTS 00:01






Skålhalling 3.15
Springar med fanatisk F 2.27
Rudl etter Lars Osa 3.21
Napoleons Høysang 3.58
Gammelkjerringvalsen 1.57
Reinlender 3.37
To Setesdalsgangarar 2.37
Brorfolkmarsj 2.37
Blå reinlender 2.43
Høneegg på høgkant 1.58
Vaksen eld 2.39
Von 3.29
Masurka 3.00
Svenneprøva 2.46
Eirik Galde 2.22
Systerslåtten 2.02
Vestover 3.14
Den femte årstid 4.21
Filigran (2001)
Filigransarbeid er kulturarv. Tunne sølvtrådar blir forma til ein heilskap. Filigrans er ein parallell til musikken på denne produksjonen. Nytt og gammalt frå det norske folkemusikklandskapet blir lodda saman og utforma, med same håpet som sølvsmeden- at resultatet skal bli til glede.

Oppfylgjarplata, ”Filigran”, vart også nominert til Spellemannpris for 2001.
Katalognummer: KVARTS 00:02








Kronblad 0.40
Forleik 1.44
Fløyteflørt 0.38
Førespel 2.44
Tiurleiken 1.59
Vindane ventar 3.31
Narrespelet 1.31
Maskedans 3.11
Svigermor 2.34
Vesal og veik 2.13
Voggesong 3.36
Fjellbekken 1.24
Skikkelig kar 3.00
Reisefeber 2.50
Lokkedans 2.06
Den gong då 5.46
Bergteken 2.53
Vestlandsleik 2.50
Med stav og hatt 3.23
Kranglestev 3.56
Skal, skal ikkje 0.51
Skal – skal ikkje (2004)
Skal- skal ikkje er ei musikkforteljing. Gut møter jente og det blir gjort klart til bryllup. Den store dagen kjem, men maskeparet, ”det levde livet”, stoppar vigsla. Fyrst etter at dei har smakt på samlivet, etter at dei har vorte meir kjende med kvarandre, etter at dei har lært familien og ulike tradisjonar å kjenne, fyrst når bryllupsfesten er over- då er dei klare til å kunne svare ”til evig din”.

Plata inneheld musikken frå framsyninga med same namn. Medmusikantar frå forestillinga er også med som gjestemusikarar på denne plata.
Katalognummer: KVARTS 00:03








Basken, springar  
Golingsjenta, springar  
Halldaslnuten, vals  
Rotnheims-Knut, laus  
Jørnvrengja, springar  
Asle-Knut, springar  
Vesle-Andres, springar  
Gauken, springar  
Akkurat det same, renlendar  
Purka i grinden, springar  
Sylkjigulen, springar  
"Era knivadn sløv te bite...", springar  
Den som rulla etter golvet, springar  
Gammal reinlendar  
"Inkji sutra eg ...", springar  
Silde-Per, springar  
Brennheiten, springar  
Springar frå Votndalen  
Grårisingen, laus  
Leinen, springar  
1905, springar  
Polka etter Lars Bergaplass  
Springar etter Håkon Tveito d.e.  
Jenta fletta håret, reinlendar  
Springa etter Lars Bergaplass  
Laus av Sevat Teiger  
Låtten min, springar
Embrik Bergaplass - Spelemann og låttesmed (2003)
Embrik Bergaplass er spelemann og låttesmed. Slik han tuktar metallet som ligg der raudglødande på ambolten og ventar på hammarens slag, slik han slår eldstanga så stjerneskot lyser opp smia, slik han gjev hardt stål mjuke former med estetikk og funksjon, slik spelar Embrik. Belgspelet kviler på kneet og han former mjuke, vare men også eggjande, gnistrande låttar ut av spelet med bestemt hand. Tradisjon og nyskaping bit kvarandre leikande i halen, slik blir nye låttar smidd av gamal arv. Embrik er spelemann og låttesmed.

Denne soloplata med toraderspelaren Embrik Bergaplass frå Ål i Hallingdal kom ut i 2003, og var den første plata vi gav ut med andre enn oss sjølve.
Katalognummer: KVARTS 004








Storhallingen 2.40
En smukk kjærlighetsvise 4.15
Ungkarsviser 2.29
Fagre piger 3.58
Silde-Per 2.13
Fenstadvisa 2.04
Til deg 3.55
Grovsmeden 2.32
Stakkars Per 2.46
Egner-potpurri 2.36
Intrada 3.45
Hugteken 2.51
Ola Friar 3.00
Pålsdans 1.46
Og aldri kyste du meg 2.00
Vinterliv 3.54
Hender 2.38
Voggevise 3.30
Finalehalling 4.02
Tre begrædelige piger - Til deg (2004)
Gro Kjelleberg Solli - song
Britt Elise Skram - fele og hardingfele
Ingunn Stræte Lie - trekkspel og einpikar


”Til deg” er ein produskjon med stor spennvidde, frå triste kjærleikssongar til oppmuntrande slåttar. Tre Begrædelige Piger hentar repertoaret frå heimtraktene deira, Nordmøre, Romsdal og Hallingdal, og trioen kan vise attende på gode plasseringar ved både Landskappleiken og Landsfestivalen i Gammaldansmusikk. Våren 2003 urframførte dei tingingsverket ”Vinterliv” av Jo Asgeir Lie, og dette presenterer dei også på produksjonen Til deg. På plata har dei også plukka ut eit knippe begrædelige viser frå både Hallingdal og Møre-og Romsdal.

”Til deg” vart nominert til Spellemannpris i klassen folkemusikk/gammaldans.
Katalognummer: KVARTS 005










Myllarens Måg 2.40
Dalakopen 3.22
Eg e liden eg 1.51
Tiden svinder 5.07
Gammal og grå 2.21
Den bakvende visa 2.44
Baksmellen! 1.51
I himmelen 2.48
Jeg haver ingen kärare 2.16
Hoss kom du ivi bekkjen 1.57
Lars linkerifot 2.57
Den sorte munk 2.47
Åremålsdagen 3.58
Nu solen går ned 4.19
Trispann – Trispann (2004)
Linn Korssjøen – vokal
Åsmund Nordstoga –vokal
Åsmund Reistad – gitar / bass


Trispann presenterer vokalstoff frå mangfaldet av norske folketonar. Dei har viser, stev, bånsullar og religiøse folketonar på repertoaret, og hentar også stofftilfang frå Sverige. Ein finn både smågrotesk humor, fine viser og religiøse folketonar, alt i eigne arrangement.
Katalognummer: KVARTS 006








Ormevekkjaren 3.25
Omundsens ril og fiolsteinen 3.34
Neverskopolsen 3.55
Gorralus 4.36
Gråmons 2.20
Brureslag 5.00
Halling etter halteguten 2.15
Polsdans 1.54
Torgrimdansen 3.20
Brennevinvisa og en sup til... 3.56
Springdans etter Brede Norderud 2.15
Grensehalling 2.46
Den fan' spelte på Skjeftåsen og Hävonen 3.00
Maskedans 3.10
Trollbua, Trollfuggel'n og Oksvolen 5.58
Homslien 3.15
Fars polsdans 1.46
Den 5. årstid 4.30
Kvennstuhallingen 3.37
Tom Willy Rustad – Fiolsteinen (2005)
Katalognummer: KVARTS 007









Snusgubben 3.15
Polsk 2.52
Pols 1.35
Kaffeskvetten 1.32
Halling 2.07
Springleik 2.00
Vals 2.02
Glade gudor 2.14
Villblomster 2.39
Springleik 2.21
Pols 1.34
Vals 1.21
Springleik 1.53
Pols 1.39
Polsk 2.03
Kongepokal - Springleik 1.43
Springar 2.31
Bånsull 4.13
Springleik 2.07
Tematyven 2.22
Julottan 4.02
Østerdølens Spellmannslag - Hjemve (2005)
Katalognummer: KVARTS 008












































Kvarts- Steinsprang (2006)
Det går stadig steinsprang i norsk folkemusikk. Spelemenn eksperimenterer med det musikalske grunnfjellet. Det gamle blandar seg med nye impulsar, og det opphavlege er, og har heile tida vore i endring. Slik utviklar folkemusikken seg, og etter ein beinhard, nærast Darwinistisk "survival of the fittest" -konkurranse vil det beste bli med vidare.

Den gode melodien er utgangspunktet for denne produksjonen. Dei siste åra har KVARTS fått delta i ei rekkje utviklande og spennande samarbeid. Med utgangspunkt i folkemusikken får vi stadig møte eit stort publikum, oftast utanfor dei som normalt kjenner sjangeren. Vi har fått høve til å skrive ny musikk til fleire tingingsverk, og medverke på store sceniske produksjonar . 
Men dei gode melodiane i tradisjonsmusikken er sjølve grunnlaget for KVARTS. På denne plata er berre tre melodiar signert medlemmer i gruppa. Resten er tradisjonsmusikk frå aust og vest, nord og sør. All musikken er arrangert i fellesskap, og ulike impulsar har smelta saman til det du høyrer no; KVARTS!

Katalognummer: KVARTS 009











































Sver - Sver (2007
Kvarts 010







Krøklun - Krøklun (2007
Kvarts 011

















































































Over Stok og Steen - Frekke fyrer (2007)
Kvarts 012











































Jon Faukstad, Kvarts, Per Sæmund Bjørkum, Anne Kristin Stakston - Ekte døl (2007)
Kvarts 013



Alle platene kan tingast hjå KVARTS v/ Jo Asgeir Lie:kvarts@kvarts.no
Pris kr 180,- + porto
Developed by BeWide Technologies     Published with WideCMS 4