Varde - cd med Kvarts

Vardar finn ein på toppar og utsiktspunkt, der ein kan gjere ein stopp undervegs. Vi har fått oppleve mange høgdepunkt i Kvarts gjennom dei åra vi har  halde på, og med Varde presenterer vi vår eigen musikk laga til nokre av desse musikalske utfluktene. Samstundes er det slik at bak alle vardar ligg nye opplevingar og mål. Nye landskap opnar seg, og gjer det spanande å fortsette turen!

Med på konserten og cd-en har vi vore så heldige å få med Eldbjørg og Ragnhild Hemsing på fele, hardingfele og bratsj, og Birger Mistereggen på perkusjon.

 

For meir informasjon: Sjå http://www.riksscenen.no/

Developed by BeWide Technologies     Published with WideCMS 4