Velkomen til Kvarts si heimeside!

Folkemusikkgruppa Kvarts er ei av dei mest markante folkemusikkgruppene i Noreg. Med norsk tradisjonsmusikk som basis arbeider Kvarts bevisst med å utvikle nye presentasjonsformer for musikken deira. Medlemmene i Kvarts har ein brei musikalsk bakgrunn, noko som også gjer at dei maktar å kombinere ulike musikalske uttrykk inn i musikken deira. Resultatet er som kvarts-steinen: blank og gjennomsiktig i rein form, men blanda med andre materiale får den andre valørar.
|