Om oss

Kvarts består av:
Jo Asgeir Lie, trekkspel
Øystein Rudi, fele, hardingfele
Tom Willy Rustad, kontrabass, gitar, torader, seljefløyte, munnharpe
Erlend Styve, gitarar

Last ned
Filigran - Skålhalling, 1.00 klipp
Filigran - Springar med fanatisk F, 1.00 klipp
Skal, skal ikkje, - Med stav og hatt, 1.00 klipp

 

Folkemusikkgruppa Kvarts er i dag ei av dei folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett tydelege spor etter seg både i norsk musikkliv, både innan folkemusikk-krinsar, og i musikklivet generelt. Kvarts har til no gjeve ut ni cd-ar. Det kunstnariske arbeidet har til no resultert i to Spellmannprisar og ein Spellmannpris-nominasjon. 

Repertoaret til Kvarts er i hovudsak bygd på norsk tradisjonsmusikk, men hentar også inspirasjon frå m.a. svensk folkemusikk. Kombinasjonen av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale har blitt eit varemerke for kvartetten. Gruppa har heilt sidan starten hatt eit ynskje om å samarbeide med andre musikarar, og dette har resultert i vellukka samarbeidsprosjekt med t.d. Kringkastingsorkestret, Kristiansand Symfoniorkester Jonas Fjeld, Berit Opheim, Sondre Bratland, Hemsing-søstrene og Birger Mistereggen.

Kvarts har vore engasjert ved dei største og viktigaste folkemusikkfestivalane i Noreg og i Sverige. I tillegg har gruppa hatt store jobbar i “ikkje folkemusikalsk” samanhang, som t.d. konsert i Oslo konserthus, turnear i USA i 2002 og i 2009, Spania, 2010, og tre gonger i Berlin som musikarar ved den norske utstillinga under Grüne Wohe. I 2007 spela Kvarts konsert i Istambul i Tyrkia på oppdrag frå Den Norske Ambassaden i Ankara. Kvartetten har også delteke i ei rekkje radio- og fjernsynsprogram.

 Kvarts har skrive musikk til seks større tingingsverk.

  • I 2000 urframførte gruppa tingingsverket Gneistar, som var bestilt av Den Norske Folkemusikkveka på Ål i Hallingdal.
  • I 2002 hadde gruppa premiere på konsertframsyninga Skal, skal ikkje under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.  Framsyninga var eit samarbeid mellom festivalen og Rikskonsertene. Kvarts komponerte musikken, Elgrim H. Springgard skreiv tekseten til framsyninga, og Leif Stinnerbom var regissør. Medverkande: Kvarts, Berit Opheim Versto (vokal), Birger Mistereggen (perkusjon), Øyonn Groven Myhren (skodespel/vokal), Hallvar Holmen (skodespel), Martin Myhr (dans) og Solveig Hordnes (dans) med på tingingsverket. Framsyninga var Rikskonsertene si hovudsatsing på folkemusikk hausten 2002.
  • I 2005 skreiv kvartetten musikk til ei nyskrive folkemusikkmesse,  Messe for tvil, som hadde urframføring 11. september same året. Dåverande biskop i Hamar, Rose Marie Köhn, Sondre Bratland og Birger Mistereggen var medverkande i tillegg til Kvarts sjølve
  • I 2007 fekk Kvarts i oppdrag å skrive eit tingingsverk til Voss Spelemannslag, og verket Musikalske vossastubbar vart urframført under Osafestivalen i 2007.
  • I 2009 vart tingingsverket Tonar til hjarta urframført under Den Norske Folkemusikkveka, og vart skrive til Ragnhild og Eldbjørg Hemsing i tillegg til Kvarts. Verket vart skrive på bestilling frå Jørn Hilme Stemnet og Den Norske Folkemusikkveka.
  • I 2010 fekk Kvarts i oppdrag å skrive eit av tingingsverka til Vossa Jazz. Resultatet vart verket Vossakvarts, som vart framført av Kvarts, Helge Lien (piano), Torben Snekkestad (saksofon) og Birger Mistereggen (perkusjon).

I tillegg til den utøvande og skapande verksemda driv Kvarts eige plateselskap, Kvarts Cd-produksjon. Hovudintensjonen å gje ut eigne produksjonar, men selskapet har også gjeve ut produksjonar med ei rekkje andre folkemusikkutøvarar. Embrik Bergaplass, Tre Begrædelige Piger, Over Stok og Steen, Østerdølenes Spellmannslag og Sver er mellom dei utøvarane som har valt å gje ut på Kvarts-labelen. I 2005 kom Tom Willy Rustad med soloplata ”Fiolsteinen”, og til no har Kvarts cd-produksjon gjeve ut 20 produksjonar. Fem av produksjonane har anten fått Spellmannprisen, eller blitt nominert til prisen.

Presentasjon av medlemmene i Kvarts:

Jo Asgeir Lie (f.1972) har ein brei musikalsk bakgrunn, som spenner frå klassisk og samtidsmusikk, til folkemusikk og jazz. Han har medverka på eit 20-tals plateinnspelingar, både som musikar, komponist, arrangør og produsent. Jo Asgeir Lie har skapt seg ein musikalsk ståstad både som solist og ensemblemusikar, og har samarbeidd med ei lang rekkje markante norske musikarar. Han har i tillegg har han ein omfattande produksjon som komponist og arrangør. Produksjonen omfattar teatermusikk, kyrkjemusikk, kammermusikk og solostykke. Han har også komponert ein folkemusikkliturgi som er teken inn som eit av forslaga til nye liturgiar for Den Norske Kyrkja. Jo Asgeir er fødd og oppvaksen på Voss, og har sidan 1999 vore busett på Ål i Hallingdal. Han er utdanna ved Norges musikkhøgskole i Oslo, med trekkspel som hovudinstrument. Etter studia, der han mellom anna tok hovudfag i folkemusikk, arbeidde han som rektor i Ål kulturskule, i tillegg til å være frilans musikar. I 2012 vart han tilsett som rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss.

Øystein Ovrum Rudi (f.1969) kjem frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Han har lært av ei rekkje spelemenn, særleg i Gudbrandsdalen, men og frå andre kantar av landet. Øystein driv i dag ei omfattande verksemd som spelemann solistisk, i Kvarts og med ei rekkje andre musikarar. Han har fire Spellemannsprisar i klassa folkemusikk, og Øystein har også vunne Landskappleiken/ NM i Folkemusikk tre gonger,  i 1997, 1998 og i 2009. I 10 år var han musikalsk leiar for Sør-Fron spelemannslag. I tillegg til utøvande verksemd gjennom ei rekkje turnear både i inn- og utland, og han har i det seinare vore mykje nytta som lærar ved Ole Bull Akademiet på  Voss, og han driv opplæring på prosjektbasis i høve til mange yngre utøvarar. Dei siste åra har han bygd opp Rudi Gard til å bli eit kulturelt kraftsenter i Sør-Fron og Midt-Gudbrandsdalen, og har m.a. motteke Oppland Fylke sin kulturpris, kulturprisen i Sør-Fron og Bygdeturismeprisen som honnør for arbeidet han har lagt ned.

 

Tom Willy Rustad (f.1966) kjem frå Oslo og har ein allsidig musikalsk bakgrunn, der far og bestefar har vore sentrale læremeistrar. Han var den fyrste som tok hovudfag i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole. Emnet for hovudoppgåva var folkemusikken på einradar. Han har også gjort eit stort forskingsprosjekt på einradartradisjonen i Hallingdal. Tom har også 4-årig utdanning i klassisk gitarspel frå Norges musikkhøgskole. Han har vore lærar ved folkemusikklinjene i Valle i Setesdal og på Fagernes, og foredragshaldar både ved Raulandsakademiet og Ole Bull akademiet. Han har vore på mange konsertturnear i inn- og utland, mellom anna saman med Kirsten Bråten Berg og Ånon Egeland. Han var i fleire år tilsett som fyrsteamanuensis på folkemusikkutdanninga ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, og arbeider no ved folkemusikklinja på Vinstra Vidaregående Skole. Han er også arkivar for folkemusikkarkivet i Midt-Gudbrandsdalen.

Erlend Styve (f.1971) kjem frå Voss. Han er ein allsidig musikar som arbeidar innan fleire sjangrar, og er i dag ein av dei mest sentrale aktørane i musikklivet på Voss. Mellom anna har han arbeidd mykje med roots, blues og ulike former for populærmusikk, noko som mellom anna har resultert i to cd-utgjevingar med gruppa Twang gang. Han har medverka på ei rekkje plateinnspelingar som studiomusikar, og har også vore gitarist i ulike folkemusikk- og gammaldansgrupper. Til dagleg er Erlend rektor i Ulvik kulturskule, i tillegg til å vere frilans musikar. Han er også utdanna sylvsmed.

Developed by BeWide Technologies     Published with WideCMS 4