Ny cd fr Kvarts cd-produksjon: Til himmels med gangar og pols

CD-en «Til himmels – med gangar og pols» er ein konsertversjon av folkemusikkprosjektet ved Ål kyrkje, og inneheld ei rekkje gamle og nykomponerte melodiar som ikkje før er gjeve ut. Innspelinga er lagt opp som ei gudsteneste med messeledd og musikkinnslag der det naturleg høyrer heime. På prekenplass finn me ein instrumental, og undervegs blir det spelt melodiar frå folkemusikkreportoaret.

 

Utgjevinga viser tonen, og spennet i det vàre og det storslagne i folkemusikken. Bukkehorn og lur, trekkspel, fele og kyrkjeorgel er balsam for sjela når det blir sett i lag, og musikken kan fløyme.

 

Med prosjektet «Folkemusikk og gudsteneste – tradisjonar og nyskaping» er det spent ei solid bru mellom folkemusikken og kyrkja. Kantor Audun Flaen og komponist Jo Asgeir Lie har heile tida vore sentrale personar i arbeidet, og dei har teke med seg eit velfungerande lag av musikarar til denne innspelinga. Dei aller fleste av musikarane har tilknytning til Ål, noko som viser kor rikt musikkmiljøet er i bygda. Musikarlista er lang, og med svært ulike instrument viser me kor breidt spekter ein kan spela på i folkemusikkgudstenestene. Ekte livsutfalding, og musikalsk variasjon er noko kyrkjelyden veit og setja pris på.

 

  • Innspelt hjå Hallibakken Lydproduksjon, Nesbyen
  • Utgjett på Kvarts CD-produksjon
  • Produsentar:   Ingunn Stræte Lie og Audun Flaen
  • CDen «Til himmels med gangar og pols» er i salg frå 15. desember
  • Offisiell lansering med minikonsert blir i Oslo i januar

 

Medverkande:

Audun Flaen                                      Kyrkjeorgel og piano

Margit Myhr                                        Song, lyre og langeleik

Audun Moen                                      Song

Per Oddvar Johansen                       Perkusjon

Olav Luksengård Mjelva                    Fele og hardingfele

Eilif Gundersen                                  Seljefløyte, lur og bukkehorn

Ragnhild Jepsen                                Liturg

Ingunn Stræte Lie                              Trekkspel

 

Kor:

Synne M. Fredriksen                         Sopran

Ragnhild Jepsen                                Sopran

Unn Perstølen                                    Alt

Heidi Langegard                                Alt

Håkon Tveito                                      Tenor 

Terje Nordal                                       Tenor

Bjarne Oleivsgard                              Bass

Kristian Jepsen                                  Bass

 

KVARTS:

Jo Asgeir Lie                                     Trekkspel

Øystein O. Rudi                                 Fele, hardingfele

Tom Willy Rustad                               Bass

Erlend Styve                                     Akustisk gitar

Developed by BeWide Technologies     Published with WideCMS 4